Opprett en gratis konto. Få tilgang til KOFA-historikk, finansielle profiler, AI-chat og ukentlig markedsrapport.
Gratis. Ingen kredittkort. Oppgrader når du vil.
Original kunngjøring inkluderer alle vedlegg, konkurransegrunnlag og detaljerte krav.
Se original på DoffinStord kommune har intensjon om å inngå avtale med Vikahaugane Drift og Vedlikehald AS om kjøp av overskotsvarme frå produksjon av is på banen. Fjernvarmenettet leverer varme til følgjande bygningar; Vikahaugane Idrettspark, Stord vidaregåande skule, Leirvik skule, Stord ungdomsskule. Sjå vedlagt kart over fjernvarmenett. Det røde er røyr i bruk og den blå linja viser mogelege framtidige planlagde tilkoplingar. Fryseanlegget med tilhøyrande varmepumpe har kapasitet til å kunne levere 3 000 Mwh/år. Berekna potensiale for levering av varme/tappevatn til tilknytte bygg er over 2 000 Mwh/år. Erfaringstal frå drift av dagens skøytebane og gasskjele viser at realistisk total energileveranse til anlegga i dei tilknytte bygga er i dag på mellom 2000 – 2 500 Mwh/år. Estimert verdi er 1 780 000 kr per år. Avtalen vil være på 20 år med opsjon for forlenging i 20 år. Det følgjer av Anskaffelsesforskriften § 13-4 bokstav b nr. 2 at ein oppdragsgjevar kan gjennomføra ei anskaffing utan å kunngjere konkurranse. Det er vurdert at det berre er leverandøren som driftar ishallen som kan levere varme til fjernvarmenettet. Konkurranse er vurdert som umogleg av teknisk årsak, basert på tilgjengeleg infrastruktur i form av fjernvarmenettet. Eventuelle innvendingar som følgje av intensjonskunngjeringa skal rettast skriftleg til oppdragsgjevar senast innan ti dagar rekna frå dagen etter datoen for kunngjeringa.
Krever gratis konto