Opprett en gratis konto. Få tilgang til KOFA-historikk, finansielle profiler, AI-chat og ukentlig markedsrapport.
Gratis. Ingen kredittkort. Oppgrader når du vil.
Skei Miljøutvikling (SMU) har teke initiativ til å etablere eit stupeanlegg ved Skeisbukta (T-ein på Skei). Her ligg òg fleire naust og ei badstue som Thon Hotell Jølster driftar. Sunnfjord kommune er eigar av arealet. Nærmiljørådet har registrert eit stort ønskje om eit slik anlegg og har saman med Jølster IL søkt spelemidlar. Ettersom anlegget ligg på kommunal grunn og skal vere tilgjengeleg for alle - innbyggarar, skulelevar, besøkande, turistar - rår kommunaldirektøren til at Sunnfjord kommune tar ansvar for gjennomføring og vert eigar av anlegget. Det føreset at anlegget må vere fullfinansiert. Dette er ein modell som har vert nytta i andre prosjekt i kommunen. Nærmiljørådet vil ta ansvar for vedlikehald og drift av anlegget.