Opprett en gratis konto. Få tilgang til KOFA-historikk, finansielle profiler, AI-chat og ukentlig markedsrapport.
Gratis. Ingen kredittkort. Oppgrader når du vil.
Søre Sunnmøre IKT skal på vegne av seg sjølv og sine deltakarkommunar anskaffe ei Identity Access Management (IAM) -løysing. Denne skal leverast som ein skyteneste (SaaS). Anskaffinga inngår i vårt prosjekt "Automatisering av brukaradministrasjon". Prosjektet er delt inn i to gjennomføringsfasar. Anskaffing av ei IAM-løysing er einaste leveranse som vert fullført i fyrste fase, og dannar grunnlaget for ei detaljplanlegging og gjennomføring av følgjande leveransar i andre gjennomføringsfase – i eit tett samarbeid med valt leverandør i denne konkurransen: 1. Automatisere brukaradministrasjon i MS Active Directory, Entra ID og MS365 2. Migrere automatisert brukaradministrasjon av elevar til valt IAM-løysing, og implementere nye Feide-katalogar for kommunane 3. Automatisere brukaradministrasjon i Tietoevry Gerica EPJ For ytterlegare informasjon, sjå SSA-L bilag 1 – kunden din kravspesifikasjon. Anskaffinga blir gjennomført i samsvar med lov 17. juni 2016 nr. 73 om offentlige anskaffelser (LOA) og forskrift 12. august 2016 nr. 974 om offentlige anskaffelser (FOA) del I og del III. Konkurransen vert gjennomført som ein konkurranse med forhandling etter føregåande kunngjering, jf. FOA § 13-1 (2).