Opprett en gratis konto. Få tilgang til KOFA-historikk, finansielle profiler, AI-chat og ukentlig markedsrapport.
Gratis. Ingen kredittkort. Oppgrader når du vil.
Original kunngjøring inkluderer alle vedlegg, konkurransegrunnlag og detaljerte krav.
Se original på DoffinOppdragsgjevar innbyr med dette til konkurranse om kontrakt Rivingsarbeid Angedalsvegen 89. Bygningar som høyrer til gbnr. 23/171 i Sunnfjord kommune skal rivast. Det er på gardstunet tre bygningar som skal rivast, våningshus med byggjeår 1958, driftsbygning oppført ca. år 1850 og redskapshus oppført rundt 1975. I tillegg skal «rusk og rask» både utomhus på tomta og inne i bygningane ryddast og fjernast. Det er utført ei miljøkartlegging av bygningane, sjå vedlegg. Det går fram av rapporten at bygningane inneheld nokre bygningsdelar med innhald av helse- og miljøfarlege stoff som vil medføre at bygningsdelane må handterast som farleg avfall ved riving Det vert gjort merksam på at driftsbygningen er i relativt dårleg stand, delar av bygningen er rasa ned. Driftsbygningen inneheld ein del asbest. Våningshuset og redskapshuset er også oppført i eit tidsrom då asbest var svært vanleg, så det kan framleis vere asbest i bygningane som ikkje er oppdaga under kartlegginga. Det må såleis utvisast spesiell aktsemd ved all form for riving av bygningane. For nærare orientering om prosjektet, entrepriseoppdeling og kontraktarbeidet, sjå del II - Kontraktsgrunnlaget. Kontraktens oppstart er sett til 22.januar med forventa ferdigstilling innan utgangen av april 2024. Som kontraktsføresegner gjeld NS8407 med korreksjonar som går fram av del II - Kontraktsgrunnlaget, punkt B.2 Spesielle kontraktsføresegner og B.3 Seriøsitetskrav.
Krever gratis konto